Styrken i stilla

Styrken i stilla: Å møte eigen uro
av Anette Lauareid Hovda, elev på UROskolen

Eg har ofte kjent på kor utfordrande det kan vere å stå trygt i eigne meiningar når dei møter motstand. Eg kan bli ytre stille, men inni meg rasar ein storm av tankar og dialogar – ei indre uro som gjer det vanskeleg å kjenne meg trygg på eiga stemme. Oftast vel eg å gi mi stemme, som då kan kjennast hard og bastant, men som for meg har ein essens av det å vera redd. Redd for å bli oppfatta som sær, eigenrådig eller lite empatisk – spesielt i saker som handlar om barn og dyrevelferd, som eg kjenner engasjerer meg og som kjennest veldig viktig for meg. Og for å unngå å virke uempatisk for eksempel, vel eg å ta ein forklarande posisjon, der eg fyller på med det eine argumentet etter det andre.

La meg ta eit døme om velferden for alt levande: Eg bur på gard og eg er jeger. Eg ser på meg sjølv som ein person som er oppteken av dyrevelferd. Likevel kjenner eg meg veldig liten i spørsmål om ulvefelling, om jakt på hjort og anna vilt. Eg meiner det er ein viktig del av dyrevelferden, og eg blir veldig uroleg når andre har andre meiningar. Eg får umiddelbart behov for å enten overbevise andre om at mine tankar og meiningar er rette, eller å forsvare dei.

Denne uroen vart tydeleg for meg etter sist urotime med urolærar Helge. Han delte at han kjente på uro når han såg at eit tre var felt. Hans empati for alt levande på denne jord, slik eg oppfatta det, rørte noko i meg. Eg kjente umiddelbart på uro, for eg hadde alt planar om skogfelling dagen etterpå, noko eg fortalde utan å tenkje meg om. Sinnet mitt sa: Dette burde du ikkje ha sagt. Den indre kritikaren jobba på høggir. Eg vurderte å sende ei melding til Helge og forklare kvifor eg skulle felle tre, for å overbevise han om at eg også har respekt for alt levande, sjølv om eg feller både tre og hjort. Men heldigvis var det noko som heldt meg igjen, og eg fekk kontakt med den urolige kjensla som bevegde seg mellom mage og bryst.

Igjen ser eg at det er frykta. Frykta for å vere feil, frykta for å ikkje vere ein del av flokken. Frykta for at eg har sagt for mykje eller for lite.

Eg har ofte kjent på ein frykt for å ikkje passe inn, for å skilje meg ut på måtar som kan bli misforstått. Denne frykta har gjort at eg har trekt meg tilbake eller blitt endå meir «på». Eg har meir eller mindre eit anten/eller-mønster. Eg kan halde att på det eg eigentleg meiner, eller eg kan bruke mykje energi på å prøve å overbevise andre. Men eg innser meir og meir at det å vere tru mot seg sjølv ikkje handlar om å vinne ei debatt eller overbevise andre, eller tie ting i hel der den indre dialogen får ta overhand. Det handlar om å tore å stå i eigen sårbarheit, å kjenne på og møte den uroen som dukkar opp når andre sine meiningar gjer meg redd.

Eg har innsett at frykta er kjernen. Frykta i seg sjølv, ikkje kva som kjem ut av å vere med ho. Frykta er det som krev merksemd, og det er den eg må tore å vere i kontakt med. Det handlar ikkje nødvendigvis om å oppnå ro eller tryggleik, men å tore å vere med det ubehagelege utan å rømme.

Eg er så glad for at eg ikkje sende melding til Helge der eg ville forklare og overbevise han om at det var rett å felle tre. For gjennom den stilla eg valde, lot eg ikkje tankane storme i stilla, men eg kjente på uroen og lot den få sin plass. For den er ein viktig del av meg den også, den vil jo alltid dukke opp i meg.

Å vere meir stille erfarer eg at gir meg ny innsikt og tilgang til ressursar som eg har.

Eg vil øve meg på meir stillheit, meir sårbarheit og større rom for frykt. Eg trur det på sikt vil gi meg djupare forståing av meg sjølv, ikkje nødvendigvis meir ro, men meir kontakt med det som faktisk er der – uansett kor ubehageleg det kan kjennast.

Forrige
Forrige

Blogguro

Neste
Neste

Bedreidelse