Problemet

"Problemet"

 

Problemet er ikkje tankane

Problemet er at eg følgjer med på dei

Problemet er ikkje nabolaget

Det er det at eg skammar meg

 

Problemet er ikkje at eg er sliten

Det heile handlar om kjensler 

 

Problemet er ikkje at andre ikkje likar meg

Problemet er ein del av meg

Som trur 

At det er slik

 

Problemet er ikkje at far min blir gamal

Det er det at eg også blir eldre sjølv

 

Problemet er ikkje at det har blitt krig

Det er det at krig 

Alltid har vore

 

Så korleis kan ein berge naturen 

Når menneska ikkje gjer det?

 

 

Kanskje

Er naturkrisa

Noko som har tårna seg opp for oss

Etter at vi har gjort det vonde inni oss 

Om til tankar 

Om det vi trur 

At burde vere

Av Halvard Lægreid, fritt etter Caspar Seip og Ricardo Arjona

Forrige
Forrige

Arbeidsledighet - et laboratorium for utforskning

Neste
Neste

Tjukkabollafeita