Halvard v.1.0

Denne teksten har Halvard Lægreid skrevet til Mannsgruppa si, og vi syntes den er vel verd å lese for flere. Tuse takk Halvard!

Hei karar, lenge sidan sist eg følgte opp oppgava fra Helge om å skrive om noko som andre kanskje kan ha glede av i møte med det vi kallar uroperspektivet. 

 Ideen kom fra ein podcast med psykolog og tidlegare buddhistmunk, Jaran Olsen: Kvartlivskrise: 5: Fanget i nuet - om meditasjon.

 Ta det med ro Helge, denne gongen høyrte eg ikkje for å få enda fleire tips om korleis livet mitt kunne bli bedre. Det var etter samtalar med Caspar og ut fra det stadige prosjektet mitt å plassere kva dette uroperspektivet eigentleg er for noko at eg lytta til intervjuet med Jaran, som eg møtte sjølv nokre gonger omtrent på den tida podcasten Guro og Guro dukka opp. 

 I den nesten tre timar lange samtalen er det ganske mange gullkorn synest eg, men det største kom vel da Jaran snakka om at han lenge tenkte at Jaran 1.0 ikkje heldt mål. Det måtte lagast ein Jaran 2.0. Det var litt av grunnen til at han blei Buddhistmunk i Thailand i seks år, visstnok. 

 Nokon som kjenner seg igjen? 

Her er eit mønster hos meg i alle fall, som sit så faststøypt i alle nervecellene mine at eg nok aldri kjem ut av det. Halvard 1.0 må byttast ut med Halvard 2.0 og kanskje Halvard 3.0. Halvard 2.0 gløymer ingenting, er alltid til stades, løyser alle problem, er modig og kan alt det som Halvard 1.0 opplever at han kjem til kort med i kvardagen i det norske mellomklasselivet. 

Så er det jo eit paradoks da, at etter seks år med meditasjon i eit thailandsk kloster, så fann Jaran 1.0 ut at Jaran 1.0 var god nok som han var. Seks år med meditasjon for å forbedre seg, og resultatet var ei erkjenning av at han ikkje trengte å forbedre seg. 

Halvard 1.0 har svart belte i terapi og snart tre år på uroskulen, men står framleis opp kvar dag for å realisere litt meir i retning av Halvard 2.0. 

Så kva kan uro-elevar lære av dette? For meg er det ein kjerne her. Målet med å gå på uroskolen er å akseptere meg sjølv akkurat som eg er. Men det klarar eg ikkje utan å trene. Det er det eg gjer når eg kjenner nøye etter kva som skjer inni meg i dagleglivet. For Jaran var det seks år med pusting i eit thailandsk kloster. For Halvard 1.0 som prøver på ikkje å prøve å bli Halvard 2.0, er det å kjenne etter når kona klagar, når sjefen ikkje er fornøgd med notatet, når eg har rota bort sykkelbuksa mi enda ein gang, når arkivsystemet ikkje fungerer som det skal, og når eg ikkje har peiling på kva dei andre snakkar om eit møte. Korleis er det å vere meg da? Og kan eg ha det slik? Eg trenar i alle fall. 

 Jaran blei spurt om kor mykje ein må meditere og svarte klokt: Det finst det ikkje noko svar på, du må finne det ut sjølv, og å meditere det gjer du kanskje mykje meir enn du faktisk trur, også i kvardagen her heime. Konklusjonen min er at vi gjer det same på vegen mot Halvard og Jaran 1.0. Jaran i lotusstilling, Halvard på kjøkenet heime og i Teams-møte på jobben. Kanskje kjem vi begge dit ein gong, eller kanskje i glimt innimellom, at vi sluttar å tru at vi ikkje er gode nok. Vi får fortsette å trene på å slutte å prøve å bli bedre, så får vi sjå. 

________________

Hei Helge! 

Beklagar seint svar her. Spørsmålet ditt om å legge den (teksten over, red) ut som blogg har surra og godt i debattprogrammet i topploket her. Vi kan godt gjere det. Samtidig er det ei stemme i meg som seier at dette bør supplerast. For ja, uroperspektivet sånn eg ser det no, har mykje inspirasjon fra tusenårgamle tradisjonar som handlar om å lytte innover i seg sjølv. Du og Caspar har funne eit språk som gjer at vi kan ta det med oss inn i eit norsk daglegliv. Men det manglar noko veldig viktig viss vi stoppar der. Å kjenne og romme er viktig, men det handlar ikkje minst om å stå opp for seg sjølv, å vise seg sjølv fram for andre akkurat som det vi er. Eg fikk podcasten med Kristoffer i innboksen min i går, og det var ei merkeleg god timing for meg. Det var akkurat den eg trengte å høyre da. Kristoffer. Du gjorde det. Du banka på døra til faren, din, kona hans og broren din og sa: Eg er din son. Det vil eg ikkje at skal vere hemmeleg lenger!!  Ei kort setning, som sa sanninga. Og det var ingen prestasjon du vise fram. Det var ei enkel, men heilt essensiell sanning. 

Det høyrtest også så sant ut då du sa at du er så stolt over at du gjorde det med alle dei kostnadene det har hatt, alle dei dramaene du har rørt opp i. Så får vi høyre om ein del rundar før du kom dit. Ei stund var du heilt sikker på at å stå opp for seg sjølv, var å fortelle andre at det ikkje betydde noko for deg lenger at faren din ikkje ville ha kontakt me deg. For deg var det sant da. Du gjorde det du kunne for å stå opp for deg sjølv da også. Det var også sant for deg da, ut fra perspektivet du hadde da. Men du fikk hjelp tli å sjå nærare på den sanninga, og så kom det fram ei ny sanning. 

Den Kristoffer som vi har blitt så glad i, kjenner vi betre no, etter at vi fikk vere med deg i den rundreisa i å stå opp for deg sjølv som du har hatt, Ein del av det har vore dei gongane om dagen når du stoppar opp og kjenner på uro, eller når du gjennomfører di regelmessige meditasjonsøkt. Men utan historia eg høyrde om igjen i går, ville reisa di vere meir halvgjort. Og for det vi veit er den fortsatt det, men du er på turen din her i livet, og vi ser alle at den turen rekker langt. 

Altså: Ja, å trene på å kjenne, på å romme er ein viktig del av prosessen eller turen, eller livet. Om vi også klarar å vise kva som kjem ut av den for andre, kjem vi nok lenger, høgare, til ein rikare stad. 

Forrige
Forrige

Om det å vende merksemda inn og vera stille

Neste
Neste

Å balansere frykten