Full kalender, tom sjel

Av  Anette Lauareid Hovda, elev på UROskolen.

Har du nokon gong kjent på uro som kjem krypande når du forsøker å slappe av? Den følelsen av at du burde gjera noko, vera produktiv i staden for berre å kvila?

I dagens samfunn er det å vera travel ofte sett på som eit teikn på suksess og effektivitet. Me fyller dagane våre med aktivitetar, møter og oppgåver. Mange av oss kjenner på ein konstant trong til å vera produktive. Det blir peika på at dette er samfunnsskapt, at det moderne samfunn oppmuntrar til travelheit. Eg vil påstå at travelheit er symptomberar for noko djupare enn som så. Joda, eg ser at sosiale media og nyheitsbiletet kan påverka, at ein kan kjenne seg utilstrekkeleg gjennom andre sin aktive livsstil. Likevel meina eg at den underliggande frykta og uro ved å vera uproduktiv eller kjensla av å gå glipp av noko, er den enkelte sitt ansvar. Ei slik frykt kan vera driven av perfeksjonisme eller ei djupare kjensle av å måtte bevise sin verdi gjennom konstant aktivitet. Skam er også eit aspekt her, ei indre stemma som seier noko om det å vera lat og uproduktiv. Skam som seier noko om å bryta med, det me trur er samfunnets forventningar om konstant aktivitet og produktivitet. Når dette med å vera travel blir sett på som ein norm, kan ein sjå på seg sjølv som annleis viss ein ikkje føl det som ein trur er norma. Då kan kjensla og frykt for utanforskap dukke opp. Alle ynskjer å vera ein del av eit fellesskap, og travelheit blir ein måte å sikre seg ein plass i dette fellesskapet.

At samfunnet skal få ansvar for at eg spring rundt som ei “piska rotta”, at eg kjenner på ubehag og dårleg samvit når eg sit i ro, vil eg ikkje vera med på lenger. Så ansvarslaus vil eg ikkje vera, eg vil ta ansvar for min eigen travelheit. Nettopp fordi eg veit at det handlar om meg. Eg er tross alt det einaste mennesket eg har moglegheit til å endre. Mitt eige ubehag ynskjer eg å bruke som drivkraft i staden for klagesong.

For meg er det svært vanskeleg å sitte stille. Det å sjå på TV er noko eg sjeldan får til. Eg kjedar meg fort, eg ynskjer heller gjere noko produktivt der kroppen og hovudet er i sving. Det kan vera jobbrelatert, trening eller husarbeid. Same kva, berre eg slepp sitte i ro, nettopp fordi det skapar ubehag. Det hender sjølvsagt at eg sit i ro, reint fysisk. Men det indre er uroleg, og då brukar eg mobilen som distraksjon.

Eg lengtar etter å lande i ein form for ro. Då meina eg nødvendigvis ikkje å lande i eit seriemaraton med mange timar framfor tv skjermen. Men lande i at aktivitetar og kvile kjem fordi eg vel det frå ein roleg plass, og ikkje fordi eg vel det for å dekke over eit ubehag.

Har du nokon gong opplevd den klamrande kjensla av keisemd, som om tida mest står stille og du veit ikkje kva du skal gjera med deg sjølv?

Det har eg. Frå eg var lita var det å kjede meg min største fiende. Fordi med den kom uro, og uro er det heilt menneskeleg å vera motstandar av. Søndagen var kviledag heime, det var ikkje greitt å jobbe denne dagen eller halde på med noko form for handarbeid. Eg kan, når eg skriv dette, kjenne den ubehagelege kriblinga i kroppen når det ikkje var rom for meg å forstyrre den følelsen som dukka opp når eg kjeda meg. Men eg var eit kreativt barn, og eg trur at søndagar med keisemd gjor at eg fekk stor tilgang til mine kreative ressursar.

Søndagen er framleis ein dag eg har eit anstrengt forhold til, fordi den er symbolet sjølv på det å kjede meg. Paradoksalt nok, fordi eg nå har gitt meg moglegheit til å la vera å kjeda meg på søndagar. Eg gir meg den største fridom til å forstyrre uro med kva aktivitet eg ynskjer.

Slik er det faktisk, at assosiasjonar til det ubehagelege vil følge oss fram til me vel å møte det ubehagelege, og skape eit nytt narrativ, om nettopp det som er ubehageleg. Vegen til eit nytt narrativ om det å kjede seg, er gjennom å ikkje sjå på uro og ubehag som noko feil, men som ein naturleg og viktig del av vårt liv.

Nå i dag ser eg kor stor gåva det å kjeda meg som lita, faktisk var. Fordi i dag har eg ein konstant tilgjengelegheit av distraksjonar som er med på å oppretthalde min avhengigheit med å alltid vera opptatt, det hadde eg ikkje på same måte når eg var lita. Det å ha ein full kalender, eller sosiale media konstant tilgjengeleg gjer at eg slepper å ha fokus på eigen usikkerheit og indre konflikt. Det fører også til at eg ikkje har så stor tilgang til mine ressursar som før. Som til dømes å vera kreativ.

Det å kjeda seg og det å ha det ubehageleg er ein viktig del av livet. Det vil gi oss moglegheit til å lade opp og finne nye vegar for sjølvuttrykk. Å hjelpe menneske til å ta ansvaret for sin travelheit og sin uro, i staden for å peike på samfunnet, vil gi den enkelte nye moglegheiter. Det å ta ansvar for og bli kjent med eigen uro vil vera ein mental ladestasjon.

Neste gong uro dukkar opp og eg helst vil fylle kalenderen med fleire møter og kveldane med fleire gjeremål, vil eg omfamna den ubehagelege kjensla og utforske dei kreative og reflekterande moglegheitene denne kjensla kan bringe. Då trur eg det kreative barnet i meg vil sjå dagens ljos på ny. Kalenderen vil nok framleis vera full, men sjela vil også vera full, og det er tross alt det eg lengtar etter. Ei lengsel som eg trur mange fleire har, fordi me er nokså like me menneska på denne jorda.

 

 

Forrige
Forrige

Uroen er blitt min følgesvenn

Neste
Neste

SoMe-uro og kontakt med ensomheten