Føljetong. Om familielaboratoriet og uro.

Av Anne, elev på UROskolen

Ok. Caspar har fleire gonger gjeve meg i oppgåve å skrive blogg. Eg har alle gongene kjent på masse motstand, og sinnet har vandra i retning av at det kjem eg ikkje til å klare, formuleringane mine vil ikkje vere bra nok og eg kjem sikkert bare til å få brainfreeze så fort eg set meg framføre tastaturet. Og det skal eg ha. Eg har prøva fleire gonger, både med penn og tastatur, men det har liksom ikkje villa seg. Ikkje slik som det ofte vil seg når eg går tur med hunden, eller køyrer bil i einsemd. Då trillar formuleringane.

… Fram til no, for no sit eg her å skriv i bilen på veg til Oslo. Eg skal på føredrag med Caspar og Helge, der dei skal snakke om «Uroperspektiv på urolege og vanskelege born». Eit føredrag eg gler meg til, og som eg viss på at vil gje djupare innsikt i Urometoden. Eg sit i bilen, vel halvannan ut i den tre timar lange køyreturen, full av uro. Sinnet seier «køyr vidare, eg må ikkje misse dette føredraget, tenk om eg går glipp av ei løysing!», men noko i meg seier at eg vil snu. Snu og køyre heim til den urolege og «vanskelege» guten min. Han som synest eg er så mykje på vift. Han som gjev meg masse uro. Han som set meg kontakt med sårbarheit. Han som er perfekt for meg, no når eg har skjøna at han er og gjer akkurat det eg treng. For han viser veg til det eg kan finne uro i, til det eg kan romme uro i. Han er ikkje feil, han er perfekt!

Over tid har guten min vorte uroleg og «vanskeleg». Altså, misforstå meg rett, det er ikkje svart-kvitt, og han er så veldig mykje meir enn det, men det er det urolege og vanskelege eg vil skrive litt om no. Han er vanskeleg i form av å ikkje vere ein ihuga sport- og friluftsgut, slik som eg og heile resten av verda, i alle fall bygda, er (liksom). Vanskeleg i form av å ikkje bruke evnene han har på skulen. Vanskeleg i form av å vera «lat» og «slapp». Vanskeleg i form av å vere kresen på mat. Vanskeleg i form av å trekke mot skjerm og speling. Osv.

Eg har teke opp dette temaet med Caspar fleire gonger, og endar alltid opp med at dette er perfekt, at det er det ultimate urolaboratoriet, og at det bare er å byrje å utforske det. Og eg har starta i det små, hatt drøssevis av feilsteg og tilbakesteg, men også nokre skikkeleg fine gullglimt av uroarbeid, der det har ført til ein djupare kontakt og ei opning for å koma nærare, sjå klarare og kjenne betre. Og det er nettopp eit slikt glimt eg tenker på no når eg sit her i bilen.

I går hadde min urolege og «vanskelege» gut både eit utbrot og samanbrot. Han hadde vorte trigga av noko i ein aktivitet som gjorde at han var rasande då han sette seg i bilen på parkeringa. Han skreik og banna, og retta oppmerksomheten mot alt og alle andre, alt som er lettare å handtere enn det som er sårbart og vondt hjå han, uroa hans. Eg kunne lett gått i fella og a) seie «ro deg ned, pust, du kan ikkje bli så sinna», eller b) prøve å ville løyse det, dikke og dakke, og hjelpe han burt frå det som var så vondt. Men eg valde c) Urometoden. Eg tok meg tid til å flytte merksemda inn i kroppen og kjente på den heftige uroa som var der, den redselen som naturlegvis kjem når ungen min seier slike ting som «eg hatar livet mitt, livet mitt har ingen meining, alt er feil med meg, eg er fødd feil, eg er ikkje slik som de vil eg skal vere, eg er ikkje verdt noko og livet mitt er ikkje verdt noko». Og i staden for å gå inn for å prøve å lette midlertidig på korleis han kjente det der og då, så nytta eg høvet til å romme uroa mi. Altså, for all del, ikkje utan store motførestillingar frå sjølvkritikaren, for ho dundra på med «no må du seie noko, du kan ikkje berre sitje stille her og ikkje seie noko, han har det vondt, alt er di skuld, no må du gjere noko osb.» Eg valde å forlenge den vesle køyreturen heim, tok ein omveg slik at me kunne sitje ved sidan av kvarandre i bile ei stund. Me sa ikkje så mykje, men eg sa noko om at «Eg ser og skjønar at du har det vanskeleg no, men eg vil vera med deg likevel. Eg vil bruke tid saman med deg når du har det slik som du har det no.» Me sat i stilla, ispedd tårer og ei mammahand rundt ei lita gutehand.

Då me kom heim gjekk han rett på sofaen og la seg der, og eg fekk lov til å fylgje etter, fekk lov til å pakke han inn i eit ullteppe, fekk lov til å legge meg ned ved sidan av han. Og der låg me lenge. Og så fekk eg ein klem av han. Ein slik klem som eg har lengta etter. Ikkje ein slik kjapp, rutineaktig «god natt, eg er glad i deg»- klem, men ein slik skikkeleg tett, slik som eg kan hugse frå då han var bitteliten, då han heldt og heldt og heldt og heldt- og han fekk lov til å halde- og det var så fint. Og så seier han plutseleg; «Mamma. Eg kjenner at eg er under press. Eg kjenner meg pressa til å bli med på ting som de vil eg skal bli med på, pressa til å vera meir i aktivitet, bruke kroppen. Eg føler at eg ikkje passar inn, at eg ikkje er god nok nokon stad. Og de har aldri tid til å spele med meg. Sjå kva det er. Det er ei magisk verd inne i spelet, det er heilt sant!» … WOW! Guten min på 11 år kan setje ord på noko eg fyrst har oppdaga i vaksen alder. At press ikkje har noko føre seg, tvert om. Han er fantastisk!... men og brutalt ærleg! Det røskar og knyter seg i magen og sjølvkritikaren melder seg straks. Igjen!...

Så sit eg her i bilen akkurat no. Sinnet spelar av gårdagen, om att og om att. Uroa aukar på, og eg gjer så godt eg kan og ynskjer den velkomen, igjen og igjen. Akkurat no…akkurat no…og akkurat no. Så melder ei tidlegare superoppgåve seg. Ja, for Caspar har sjølvsagt gjeve meg oppgåve i å setje meg ned ved sidan av gamingguten og sjå på uroa. Det perfekte urolaboratoriet. Han er ikkje vanskeleg, han er klok. Ein klok vegvisar. Eg fyllast av takksemd over å ha leita fram til urometoden. Takksemd for alle dumpane som har ført meg akkurat hit. Gjennom den får eg ta del i endå meir av det kloke. Av og til klarar eg å lytte, bli akkurat no, tillate og ynskje velkomne uro.

Eg snur og køyrer heim. Tryllestaven finst kan hende i Oslo, men uroa ventar heime. 

 

Forrige
Forrige

Skolens test- og vurderingsregime reduserer elever og lærernes potensiale

Neste
Neste

Et naturlig møte med uro