Å vere open er å kjenne på smerte

Av Halvard Lægreid, elev hos Helge og medlemmer av mannsgruppe ved UROskolen.

Hei gutta. Eg var hos Helge ein tur i går. Eg kom inn i lokala Oscars gate med det som eg tenkte var relativt store problem. Gjennom timen var det i staden gjennomførte bragder, muligheiter og nye innsikter som fekk fokus. Helge lurte på om eg ville skrive til Uro-bloggen. Så eg gav det eit forsøk, kva trur de?: 

Å vere open er å kjenne på smerte

Kva betyr det å vere open? Er det å «ha ei tolerant holdning?» Er det å vere god til å lytte? Er det ikkje å ha svar på alt? Er det å kunne få nye idear, skape nye ting? 

Ja, det er alt det der, trur eg. Men korleis får ein til alt det der til i praksis? Kva er det ein gjer når ein er open? Kan ein lære å være open?

Eg har alltid hatt tankar om at eg er ein open  og tolerant person. 

Korleis har denne personen, altså den som merkar at eg tenker på alt dette no, altså eg, utøvd det å vere open? 

Eg innsåg følgande i dag: Eg trur ikkje eg har vore så open som eg er akkurat no sidan eg drog på backpacking til Sør-Amerika i 20-åra. Og gladmeldinga er at det er stort potensial for å kome vidare, bli enda mykje meir open. 

Det er jo veldig rart da, at det eg no trur kan hjelpe meg mest med å bli meir open, det er smerten min. For det er det som gjer så forferdelig vondt inni meg, det er vegen til den meir opne meg, trur eg. 

Korleis skulle det liksom henge saman da? At smerte har noko med det å vere open å gjere? 

Snart eitt og eit halvt år ut i Uroskolen har eg no følgande personlige teori om dette: 

Smerten min har alltid vore der, og den har vore kjelde til mange tankar i hovudet mitt, særleg om det som er gale. Smerten har vore kjelde til eit evig radiodebattprogram i skolten min. Debattar skal ein liksom bli klokare av, men det snodige med dette debattprogrammet som eg har fått servert så uendelig store dosar av i livet mitt, er at eg snarare blir trøttare, slitnare og tristare av det, og langt mindre modig, og slett ikkje klokare,  trur eg. 

For eg trur ikkje at onklane i baksetet mitt, som har diskutert løysingar på problem har gitt meg særlig mange løysingar eigentleg. Men dei har gitt meg eit utmattande argument og anklagar. Dei har sagt for eksempel «det der kan du ingenting om», «viss du berre hadde vore sånn så» «du skulle ikkje gjort det der», «dei andre kan så mykje om dette», «du har ikkje det som trengst her.»  

Så rart da, at sjefen  min sa ho ville gi meg meir løn i går. 

Det demrar for meg no, at sånne anklagar ikkje er basert på kva som eigentleg skjer utanfor debattstudioet i topplokket mitt. Eg trur no ikkje at det som onklane diskuterer seg imellom kjem frå det som er sant. Eg trur at alle anklagane og diskusjonane kjem frå smerten min. Utan at eg har visst om det, har altså smerten i meg sendt lange utgreiingar og analysar, faenskap som eg har prøvd å følgje med på til ingen nytte, ja faktisk til stort besvær. 

Heldigvis finst ein veg ut av Store studio, trur eg. For når eg kjenner på smerten i staden, når eg lyttar til den, når eg er med den, når finn eit ankerfeste i smerten min, da stilnar radiodebatten i hovudet mitt. Det stilnar i alle fall litt, og i alle fall av og til. Da kan eg, av og til, og ganske plutseleg, få opplevingar av å vere heilt saman med det som er er rundt meg. Enkelte gonger har eg fått kjensla av å gå i ett med det. Det skjer ikkje ofte, men eg kan da ta inn opplevingar av det som skjer her og no, erkjenne det, kjenne på det. Det får eg ikkje når ein av onklane fortel meg at « no må du vere meir open gutt, du er jo så lukka!»

Er eg sikker på alt dette da? At smerte gir tankar som øydelegg for meg i livet mitt og at det er bedre å kjenne på smerten som er rota til tankane, sånn at tankane kan forsvinne og eg kan oppleve virkeligheita i staden? Nei, det er eg faktisk ikkje. Eg veit ikkje eg. Uroskulen kan vere ein stor bløff, noko å tru på, noko som eg kastar bort ein god del pengar på, for det eg veit. I alle fall trur enkelte av onklane mine i baksetet mitt det når dei diskuterer i “Debatten”. 

Men eg som registrerer alt dette, eg  trur ikkje det, ikkje no i alle fall. Eg  vil fortsette å utforske om det er slik, fortsette gå mot det som gjer vondt, fortsette å hoppe i ukjent farvatn som skaper bølgjer av uro. Eg vil få det fram, kjenne på det, styre mitt fokus mot det, bli meir glad i det. 

Så får vi sjå da, om eg blir meir open. Kan det vere som Helge seier, at «smerten er vegen til fridomen?» Eg trur faktisk det. 

Forrige
Forrige

Kritikk takk

Neste
Neste

Sur som en sitron